Hordaland

RYVARDEN FYRSTASJON

Historisk bakgrunn
altDet unge galleriet står trykt planta midt i gamal historie, for Ryvarden har vore eit seglings- og kjennemerke i over 1.100 år. I korte drag lyder historia om Ryvarden slik: Innerst i Viksefjorden budde Floke Vilgerdson, seinare kalla Ramna-Floke, som vart kjend som landnåmsmann på Island. Alt i år 869 låg han på ferd til Island. Medan han venta på bør, blota han og let byggja ein varde ute på neset. Denne varden vart kjent som floka-varden og er faktisk landets første kjente sjø (seglings-) merke. Neset vart seinare heitande Ryvarden (varden mellom ryger og horder). Under blotet trolla han og kraft i tre ramnar som han sende ut for å få landkjenning då han næra seg Island. Historiea om dei tre ramnane er elles velkjend på Island.

Etter ein hard tur kom Ramna-Floke med fylgje sitt til Bardastrand på Gardarholm (som Island då vart kalla), og dyra vart sleppte på eit rikt og godt beite. I alle fjordar og sund, på alle holmar og berg var det drivande fullt av fisk, kval, sel og fugl og Ramna-Floke og fylgje hans kasta seg så ihuga inn i fangst og fiske at dei gløymde å syta for vinterfòr til dyra. Som eit resultat av dette laut dei slakta buskapen då vinteren kom. Vinteren vart hard (det er dokumentert uvanleg kalde vintrar nokre år), og då dei fekk sjå heile fjorden full av havis, gav dei i sitt store mismot landet namnet Island.

Etter to overvintringar drog Ramna-Floke og fylgje tilbake til Norge, men reiste sist på 870- talet attende til Island. I fylgje tradisjonen var altså Ramna-Floke ein av dei første som kom til Island. Den norske vikingen Nadodd og svensken Gardar Svåvarson var før ute, og mange historikarar trur at det var deira beretningar som fekk Ramna-Floke til å dra ut. Det var Ramna-Floke som namngav landet, og han var den første av dei som kom til Island som seinere slo seg ned der for godt, i Skagafjordur på Nordlandet, der det enno finns namn som Flokadalen og Flokavatn. Og sjølvsagt heiter ei gate i Rekjavik Flokegata.

Floke-varden stod ytterst på Ryvardsneset i mest tusen år og var eit viktig kjenne- og seglingsmerke langs leio. Men frå omkring 1840 og utover skjedde det ting som stilte nye krav til tryggleik og navigering. Det var eit storveges vårsildfiske på kysten med stor tilstrøyming av fartøy. Dette gav behov for fyrlykter og m.a. på Ryvarden var det i 1849 bygd eit såkalla fiskefyr, ei tømra vaktstve på 2.6 x 2.6 m. Med trebenk og ein liten ovn. Lykta var ei lita vegglykt som skulle vera tent frå 21. des. til 1. mars under vårsildfiske. Alt i 1852 vart brennetida utvida til 10 månader. Og i tida utover arbeidde fyrdirektøren jamnt for å gjera innseglingsleiene tryggare. Kvart år blei det satt opp vardar, stakar, dagmerke, og fortøyningsringar langs kysten og fyra vart og utbygd. Slik fekk Ryvarden i 1861 hus på 8 x 6.3 for fyrvoktarfamilien. Arbeidsfolket reiv då ned den mest 1000 år gamle varden og brukte steinane til grunnmur i bygget. Dåverande fyrdirektør Dirik omtalar hendinga slik:

”I 1861 kom jeg på ny til Ryvarden for å tilse oppførelsen av fyrbygningen. Da jeg kom opp på pynten, ble jeg stående som rammet av lynet. Varden, eller i alle fall en stor del av den var forsvunnet….. Barbarer, vandaler som med profane hender har ødelagt hva generasjon efter generasjon har respektert i tusen år.Min indignasjon var stor og bitter”.

Historien om Ramna-Floke kan besøkjande no få oppleva i den gamle løa, der tekst, illustrasjonar og bakgrunnsmusikk til saman gjev eit livfullt inntrykk av lokalhistorie og landnåmstid.

Det er og reist ein ny varde til minne om den gamle som vart riven. Både varden og Floke-løa vart innvia jonsokafta 1994 av den islandske ambassadøren i Norge, Eidur Gudnason. For ytterlegare å styrka banda til Island, vart det vedtatt å lysa ut Ryvarden-stipendet både for islandske og norske kunstnarar, og Sveio kommune har og gjeve ein ”Floke-varde” til Island.

Fyret vart på nytt bygd fyrbetjentbustad om i 1891 med lys frå ein Alladin lampe. I 1935 vart det bygd fyrmesterbustad og nytt fyr med maskinhus for motorane. Det vart samstundes montert tåkelur og lyset vart endra til nettbrennar – Petromax system. Neste endring kom i 1958, ny fyrbetjentbustad (noverande galleribygg) og ny elektrisk lampe på 250 W med lysstyrke på 7000 herfnerlys og rekkevidde på 13.4 nautiske mil.

31. juli 1984 vart det, etter vedtak i stortinget om automatisering, slutt på Ryvarden som bemanna fyrstasjon.


 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 147 gjester og ingen medlemmer på besøk.