Dalsfjord utstillingsopning 007 mindre
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Då utstillinga i Dalsfjord Fyrmuseum vart opna 8. november, markerte dette årets nyhende på museumsfronten. 

Sjeldan har så mange direktørar frå heile Noreg vore samla i Volda som denne dagen. Regiondirektør Harald Tronstad stod for den offisielle opninga, som vart markert ved at fyrlinsa frå Svinøy fyr vart sett i rotasjon. Det var Tronstad sjølv som tok kontakt med Stiftinga Sunnmøre Museum og spurte om linsa kunne kome på museum. 

Blant dei over 60 inviterte var fleire direktørar og avdelingsleiarar frå Kystverket representert, samt museumsdirektørane frå Museum Nord, Jærmuseet og Lindesnes fyr. Volda kommune var representert ved ordførar Arild Iversen og kultur og næringssjef Gunnar Andanes. 

Under arrangementet var det talar av styreleiar Ragna Dahl Grønnevet, ordførar Arild Iversen, direktør Jo van der Eynden, Lindesnes fyr, styreleiar Kjell Viken frå Stiftinga Dalsfjord Fyrmuseum og avdelingsleiar Frode Pilskog.

van der Eynden påpeika at dette berre ikkje er eit lokalt museum, men eit nasjonalt. Stiftinga Sunnmøre Museum og avdelinga i Dalsfjord er ein del av Kystverkmusea, etatsmuseet til Kystverket. Direktøren fortalte korleis han for 17 år sidan vart kjend med miljøet i Dalsfjord. På den tida vart det arbeid med å opprette nasjonale nettverk som arbeidde med bevaring av fyrhistorie.

Tidlegare fylkeskonservator Jens Peter Ringstad kunne fortelje om fylket si oppleving av museumsmiljøet i Dalsfjord. 

Styreleiar Kjell Viken fortalte om både den lokale fyrhistoria og framveksten av museet. Viken takka alle dei private og lokale firma som har bidrege med midlar for å få på plass lokala. Ikkje berre museumslokala, men og museet sitt bidrag til amfiet. Viken påpeika at når ein no har fått utstillinga på plass må ein arbeide med uteareala og sjøsida. Dette for at tilreisane kan kome både sjø- og landevegen. Det er viktig å få på plass ein fyrpark som er tilgjengeleg for alle.

Avdelingsleiar Frode Pilskog takka til alle dei firma som deltok i bygginga av utstillinga. Eigarstyret og lokale frivillige har gjort ein kjempeinnsats med å flytte alle dei store gjenstandane og montere motorrommet. Alle saman har gjort ein fantastisk innsats og sørga for at Volda har fått ei utstilling ein kan vere stolt over.

(Saksa frå Dalsfjord Fyrmuseums eigen nettside).

dalsfjord skule 2411 2011

Dalsfjord Fyrmuseum er bygd inn i nye Dalsfjord barne- og ungdomsskule. Begge foto: Frode Pilskog.