Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

 

 

Under årsmøtet i Dalsfjord Fyrmuseum nyleg fekk to ihuga fyrentusiastar takk og blomar.

Kjell Viken (til venstre i biletet) gjekk av som styreleiar, eit verv han har hatt sidan 1990-talet. Heldigvis har han ikkje planar om å leggje vekk rustpikka, oljekanna og målarkosten, står det å lese på Facebook-sida til Kystverkmusea.

Sverre Lillestøl (til høgre) gjekk også ut av styret etter årtier med innsats. Ny styreleiar er Arnt Ove Wiik. Med seg har han eit styre med mange tiårs erfaring frå Kystverket.

Norsk Fyrhistorisk Forening nyttar også høvet til å takke dei to for innsatsen dei har lagt ned gjennom fleire tiår for å kunne realisere eit fyrmuseum i Dalsfjorden. No er det på plass, og vi ønskjer det nye styret lykke til vidare!