Rom m utsikt1m
Ho la egga sine likegodt like under radaren, måsemora på Slettringen fyr. Foto: Eli Ellingsve. (Klikk for å få større bilde)
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Høgt til vers, nesten på toppen av landets høgste fyr, har ein sjøfugl funne seg ein hekkeplass denne sommaren. Ingen over, ingen ved sida – med utsikt over Titranhavet, Ramsøyfjorden og Frøyfjorden, ytst på trøndelagskysten.

Under eit besøk på Slettringen fyr denne veka oppdaga den siste fyrvaktaren, Karl Wågø, at ein sjøfugl hadde bygd reir nesten i toppen av det 45 meter høge tårnet. Reiret ligg på stativet til det gamle radarutstyret, rett ved sida av den øvste tårnplattformen. Her har måsemor hatt god utsikt over sjøtrafikken kring vestenden av øya Frøya.

Tårnet er ikkje ope for besøk, og det har derfor vore ein fredeleg hekkeplass. Så er det å vone at ungane var flygedyktige før dei forlet heimen eller vart kasta ut heimanfrå. Det kunne elles ha vorte eit ublidt møte med berget kring tårnfoten.

Støypejarnsfyret på Slettringen er landets høgste fyr (44,97 meter o h, medrekna ein solid tårnfot av betong). Det første fyret på holmen kom på plass hausten 1899. Etter Titranulukka same hausten, der 140 fiskarar omkom i stormen, kom ønskjet om eit større fyr opp, med skjerming mot fallgarden. Det gjekk likevel nokre år før dagens fyr kom på plass, i 1923.

Fyret vart automatisert i 1988 og avbemanna i 1993. Den opprinnelege store, franske lynblinklinsa frå 1923 kastar enno lyset vel 18 nautiske mil utover havet. Fyret vart i 1998 freda, etter Lov om kulturminner av 1978.

Eli Ellingsve

Rom m utsikt2m

Tårnet på Slettringen fyr er ein fredeleg stad for tida. Det er ikkje ope for publikum, og måsefamilien får vere i fred. Foto: Eli Ellingsve (Klikk for større bilde)