ryddet kulturminne
Norsk Kulturarvs aksjon har stimulert born og unge til å rydde og skilta minnesmerke, gamle vegar, gravhaugar, hustufter osv.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

I løpet av seks år har 20.000 born og unge rydda fram 1200 norske kulturminne, melder avisa Nationen i dag. Eit initiativ frå Norsk Kulturarv og som er blitt lagt merke til internasjonalt.

I fjor fekk nemlig stiftinga tildelt kulturvernprisen Europa Nostra og EU-kommisjonens Grand Prix Award 2012 for aksjonen «Rydd eit kulturminne», som ein kombinasjonen av kulturvern, formidling og barn og unge.

Direktør Simen Bjørgen i Norsk Kulturarv seier til Nationen at det kunne vore rydda tre gonger så mange kulturminne, men økonomien har sett ein stoppar for dette. Så langt har nemleg ordninga i stor grad vore finansiert av lokale sponsorar. Rydd eit kulturminne har fått rundt 1 million kroner frå Sparebankstiftelsen DnB Nor, 150.000 frå Landbruksdepartementet og 100.000 frå Riksantikvaren til å premiere dei beste tiltaka.

No vil Kjell Ingolf Ropstad (Krf) i Stortingets energi- og miljøkomitè ha Miljøverndepartementet på banen for å syte for meir midlar til dette positive tiltaket, skriv Nationen i papiravisa.