Utvaer fyr
Linsa på Utvær fyr i solnedgang. Foto: Vener av Utvær fyr.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Norsk Fyrhistorisk Forening er bekymra for at dei to regjeringspartia tek til orde for å opna for sal av fyrstasjonar til private.

Me merkar oss at den frivillige innsatsen er noko som vert lagt vekt på i den nye regjeringas erklæring, som vil byggja politikken sin på fridom, tillit til einskildmennesket, gründaren, lokalsamfunnet og dei frivillige.

Vi set vår lit til at regjeringa står bak lovnadene om å styrka dei økonomiske ordningane for friviljuge organisasjonar. I forhold til vedtektene våre om å arbeida for at fyrstasjonane skal vera offentleg tilgjengelege, er me bekymra for at dei to høgrepartia tek til orde for å opna for sal av fyrstasjonar til private.

Les meir i leiar Birger Lindangers kommentar til den nye politiske situasjonen i Noreg etter valet her.

Denne eposten går ut til alle NFHFs medlemmer i desse dagar.

Velkommen som medlem! Her er innmeldingsskjema