OksoyRiksantikvaren
Oksøy fyr ved Kristiansand starta eit nytt kapittel i nork kommunikasjonshistorie. (Foto: Riksantikvaren)
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Jakten på Norge på NRK1 besøkte Oksøy fyr ved Kristiansand i siste program, som handla om kommunikasjon og infrastruktur.

Tekst: Monica Lindanger

Bakgrunnen for fyrbygginga i Noreg blei eit viktig tema i siste episode av NRK-programmet Jakten på Norge.

– Ikkje eitt moderne infrastrukturanlegg kan måla seg med kapasiteten til kystvegen i Noreg. Utfordringa var at når det var mørkt, regnvêr, vinter og mørketid, så var denne vegen mørk, og då var han stengd, fortel historieprofessor May-Brith Ohman Nielsen.

– Kysten trong lys

– Det fantest nesten ikkje innlandsvegar. Men Noreg skulle moderniserast. Då skulle me frakta fleire folk og fleire varer raskare enn før. Løysinga blei auka skipstrafikk. Me kunne ikkje la oss hindra av mørke eller dårleg vêr. Me måtte fram uansett. Kysten trong lys, fortel programleiar Haddy N’jie.

Ved Oksøy fyr starta eit nytt kapittel i norsk kommunikasjonshistorie.

– Dette var ein veldig viktig fyrstasjon. Sjølv om fyrhistoria i Noreg går tilbake til 1655, så var det i første halvpart av 1800- talet at det blei bygd nye fyr. Og det blei bygd mange avanserte fyr. Og starten på det var her på Oksøy, med det nyaste av det nye innan fyrteknologi, nemleg Fresnels optiske linse, fortel fyrhistorikar Danckert Monrad-Krohn.

Enorm utbygging

Noreg var blant dei første landa som tok i bruk akkurat denne linsa, som slapp gjennom meir lys. Dette gjorde at fyret blei synleg frå langt utpå havet. Linsa på Oksnøy fyr er 112-113 år gammal.

– I 1841 fekk me eige fyrvesen, 20 år før me fekk eit vegvesen. Dei neste tiåra blei det bygd over hundre bemanna fyr langs kysten, opplyser N’jie.

– Det oppsiktsvekkande med denne enorme utbygginga var at det vesle og fattige landet Noreg investerte så mykje i dette med fyrutbygging. Det er i ein storleiksorden som det er vanskeleg å førestelle seg i dag. Det hadde sine praktiske årsaker: Det var nødvendig, men me må òg rekna med at det var ei sosialpsykologisk drivkraft i at me skulle visa fram det stolte landet vårt, fortel Monrad-Krohn.

Sjå innslaget her.