staveneset folkeliv
Nå kan du søke midler til friluftsårsaktiviteter. (Foto: Reidun Brandvik, Stavenesets venner)
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Stavnesets venner fryktar at eit kjært turområde no kan bli øydelagt. Averøy kommune vurderer nemleg å etablera ein fiskeribase i nærleiken av Stavnes fyr. 

Stavnesets venner har dei siste åra opplevd stor auke i talet på besøkande ut til fyret. Til no i år har 10.500 besøkt fyret. Styreleiar Inger Aasen fortel at turen til Stavnes fyr er svært populær for folk i alle aldrar. Det er venneforeininga som sjølv har laga stien ut til fyret
– Det er så viktig å ta vare på dette! Det er eit kjempefint turområde, som er ein del av fyret. Tar kommunen vekk dette, tar dei òg vekk gleda av å koma ut til fyret, som er målet for turen, seier Aasen til fyr.no.

– Hinsides all fornuft

Dette området var opphavleg eit av forslaga til gassfeltet Ormen Lange, men det blei forkasta. Sidan har det lege ein plan om at området skal brukast til industri. Aasen fortel at venneforeininga likevel har god dialog med kommunen.
– Kravet vårt er at dette området blir omregulert til friområde. Då slepp me å bekymra oss for at turområdet skal bli øydelagt. Det finst andre område i kommunen som er tilrettelagt for industri. Ein burde heller ta i bruk dei og ikkje bruka urørte område. Det øydelegg så mykje om dei går inn her. Det er hinsides all fornuft, meiner Aasen.

Skal vurdera forslaget

Saka blei behandla av formannskapet i Averøy måndag 25. august. Ei styringsgruppe har no kome med sluttrapport av eit forprosjekt, der ein mellom anna tilrår etablering av lakseslakteri, eller foredlingsanlegg, ytst i Bremsnesfjorden, som er i nærleiken av Stavneset fyr. Kommunen skal vurdera forslaget.

Sjå videoreportasje om saka i Tidens Krav