Runde vestlandsnytt nett
Dei gamle steinhusa ved Runde fyr viser tydeleg igjen etter restaureringa i sommar.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

I heile sommar har fagarbeidarar frå Litauen, snikra, måla og kalka dei freda steinhusa ved Runde fyr. No er dei ferdige med restaureringsarbeidet for i år. Det har kosta om lag tre millionar kroner.

Tekst: Josefine Spiro, Vestlandsnytt
Foto: Oddmar Remøy

– Restaureringsarbeidet har gått veldig bra, både for arbeidarane og turistane. Vi har ikkje fått ei einaste klage. Det seier Oddbjørg Remøy i hyttekomiteen for turisthytta ved Runde fyr. Ho har besøkt plassen med jamne mellomrom gjennom heile sommaren, hovudsakeleg for å sjekke at alt er som det skal vere på den vesle turisthytta. Samtidig har ho blitt kjend med arbeidskarane frå Litauen, som har budd på loftet i turisthytta i 2,5 månader.

Betre kapasitet

– Dei er veldig trivelege karar og gjorde eit flott arbeid, seier Remøy.
Fordi arbeidarane har budd på loftet i sommar, har det vore mindre kapasitet enn normalt på turisthytta.
– I tillegg nyttar vi regnvatn, og det har det vore lite av i sommar. Men no er det i orden, og vi har betre kapasitet til gjestane våre, seier Remøy.

Feirar 250 år

Både tak, veggar, glas og dører i dei gamle, freda husa frå 1826 er restaurerte utvending. Det har kosta om lag tre millionar kroner. Til neste år vonar Kystverket å få midlar til å gå laus på dei resterande bygga: smia, naustet og «nyehuset». Runde fyr vart etablert i 1767, og kan dermed feire 250 år i 2017. Målet er at bygningane skal stå fram som nye innan den tid.

Sjå heile saka i Vestlandsnytt her