Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Styret i Norsk Fyrhistorisk Forening hadde sitt første styremøte i 2010 helga 5.-6. februar på Obrestad fyr på Jæren. Styret gjekk gjennom årsplanen for gjeremål, og drøfta arbeidsoppgåver. Viktige saker i 2010 vert nye nettsider for NFHF, arbeidet for å få offentleg grunnstøtte til foreningsdrifta, og administrasjon av momskompensasjonsordninga for frivillege fyrforvaltarar.

 Hå gamle prestegard har hand om bolighusa på fyrstasjonen, og stilte dei til disposisjon for NFHF. Vêret viste seg frå ei god side, med opphald og lite vind. Snøhøgda var heller ikkje større enn at ein gjekk der ein ville, jamvel om det var over vanleg Jær-høgd. Det vart tid til ei frisk vandring til prestegarden, for å sjå på utstillingar og landskap. God sikt om kveldane og nettene viste at det er stor båttrafikk langs denne delen av kysten, og at fyra nok har vore gode vegvisarar å ha gjennom tidene.

Prestegarden og Obrestad fyr er båe punkt på Nordsjøvegen mellom Kristiansand og Haugesund. Langs denne 430 km lange turruta er det tett mellom store opplevingar av både kultur og natur. Ytst mot havet ved Jærstranda ligg kunst- og kulturinstitusjonen Hå gamle prestegard, med utstillingar av norsk og nordisk samtidskunst (til dømes foto, målari, tekstil, keramikk), sal av kunst og bøker og ting&tang, og kafé i den gamle prestestova. Prestegarden driv òg utleige av Obrestad fyr.

Obrestad fyr vart bygd i 1873. Sjølve fyrhuset er av granittstein, medan det nyare tårnet i enden av huset er av betong. I 1991 vart fyret automatisert og avbemanna. Frå 1998 er det også freda av Riksantikvaren, og er ein del av Jærstrendene landskapsvernområde. I dag bur ein godt i dei tidlegare bustadhusa på stasjonen. I sjølve fyret er det museum, og det er tilgjenge til maskinrommet, med komplett teknisk anlegg bevart. Ei bildesamling gjev innblikk i livet i samfunnet kring fyret, og i kjellaren finst veggmålari med minne om ein tysk soldats draume­liv under siste verdskrigen.

Nyttar ein høvet til å gå seg ein tur langs stranda – og det bør ein – kjem ein snart til Obrestad hamn. Den vêrharde hamna er freda som eit minne over den fyrste hamna for fiskebåtar langs Jærhavet. Ein stormdag ved hamna er eit minne for livet.