FYRET PÅ FEISTEINEN - EIN PILOT I SØRVEST

altI samband med arbeidet med forvaltningsplanar for dei freda fyrstasjonane har Kystverket vald ut éin stasjon i kvar av Kystverkets regionar til ”pilot”-stasjon. Innanfor Kystverket Vest, med hovudkontor i Haugesund, er det fyret på Feisteinen (Klepp kommune, Rogaland) som skal vere piloten. Feisteinen vert såleis truleg det første fyret i dette området med eigen forvaltningsplan.

Feisteinen fyr ligg på ei lita, naken øy (nærast holme) ca to kilometer ut frå hamna på Sele på Jæren. Øya er den einaste i Klepp kommune. Feisteinen er kjend for sterke straumar og vanskelege landingstilhøve. Men er ein først komen i land, får ein ei oppleving av sterk natur ein seint vil gløyme. Det er overnattingstilbod i hovud­huset til 15-20 personar. Det er planar om å arrangere familiedagar i 2010 der ein får møte folk som vil fortelje om oppveksten på fyret.

           

På dagen 150 år etter at det kom lys i fyret første gong, som var den 10. november 1859, inviterte Klepp kommune på Jæren på slutten av Kultur­minneåret 2009 til feiring av fyret. Ordføraren ynskte vel­kommen alle dei inviterte gjestane. Fleire av dei hadde arbeidd eller vakse opp på fyret. Det var talar, blomster og gåver, og korsong og sogeforteljing.