alt
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Ålesund-Sunnmøre Turistforening driv sjølvbetent turistforeiningshytte i den nyaste fyrvaktarbustaden (17 senger) på Runde fyr (Herøy kommune, Møre og Romsdal). Foreininga driv tilbodet gjennom dugnad..Siste dugnadshelga i vår på Runde er 16.-18. april. Arbeid som skal utførast, er mellom anna vårreingjering, lufte/skifte sengkle, rydding, maling, kalking, nye vindskeier på uthus og kollager, diverse snekkararbeid, dotømming osb. Dersom det er nokon som kan tenkje seg ei dugnadshelg, er dei hjarteleg velkomne. (Sjå nettsidene til Ålesund-Sunnmøre Turistforening for informasjon om overnatting og påmelding). Vandrarheimen på Runde opnar 1. mai. 

 

På kalenderen er 14. april merkt som Sommardagen (Første sommardag). Denne datoen har også vore rekna for ”lundedagen” på Runde, den dagen lundefuglane kjem attende til øya igjen etter vinteren. Lundedagen kan nok variere noko frå år til år, men lundefuglane er årvisse, fastbuande sommar­gjester. Fuglane hekkar i ura på vestsida av øya. I tillegg finn ein krykkje, havsule, lomvi, havhest, storjo, toppskarv, alke, teiste, ærfugl, gravand, ørn, falk og hauk – eit Eldorado for fuglekikkarar. Eit besøk i lundeura (ein halv times vandring frå bilveg) kan med fordel kombinerast med eit besøk på fyret.