Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Registrer gjerne ei fyrforeining som din mottakar av grasrotandelen hos Norsk Tipping.

 

Når du då tippar, vil 5 % av innsatsen gå til gode formål på fyret, utan at du må betale noko ekstra eller mister noko av eventuelle gevinstar som du måtte få.

 

I 2010 gav spelarane gjennom Norsk Tipping heile 264 millionar kroner til lag og foreiningar. Det er utruleg mykje pengar. 18 185 lag har skjøna det, og har registrert seg som mottakarar. Men enno er det eit ikkje utnytta potensial på kring 200 miliionar kroner, og her bør alle fyrvener sjå ein utveg til å stø ”sitt” fyr.

 

Per i dag er det mange idrettsklubbar, kor og korps som har glede av grasrot­pengane. Men her er som vist pengar til overs også for dei som brenn for eit fyr. Ikkje la det berre bli med tanken! Sjekk at den fyrforeininga som du vil støtte, er registrert i Frivillighetsregisteret og godkjent som grasrotmottakar. Få tak i organisasjonsnummeret til foreininga og ta det med neste gang du skal levere inn kupong eller spele (gjeld ikkje Flax og Extra). Og eit tips til alle fyrforeiningar: Gjer tiltaket og organisasjonsnummeret kjent for alle medlemane.