Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Anleggsarbeidet ved Dalsfjorden skule og det nye fyrmuseet (Volda kommune, Møre og Romsdal) held fram. På heimesida til fyrmuseet er det muleg å følgje bygginga frå veke til veke – sjå her.

Hovudoppgåva til fyrmuseet I Dalsfjorden er dokumentasjon og formidling av den sosiale historia til dei som har vore med å bygge fyr, lykter, merke, fortøyings­feste og hamner langs heile kysten – heilt frå 1825. Museet vart oppretta i 1993, og har ei stor samling av teknisk utstyr og verkty som har vorte utskifta av Kystverket.

Grunna mangel på musumsbygg har samlinga til museet vore lagra og/eller utstilt på fleire stader, mellom anna på skulen i Dalsfjorden. No er arbeidet med ny skule og fyrmuseum godt i gang. Åpninga er planlagd til 2012.