NYTT LIV PÅ LEPSØYREVET

altKystverket Midt-Norge starta sommaren 2011 restaureringa av fyret på Lepsøyrevet, etter grundige førebuingar. Då hadde fyrbygninga stått tom i fleire tiår, med attmura vindauge. Som opptakt til rehabiliteringsarbeidet gjekk Kystverket ut i media og etterlyste fotografi som synte korleis dei gamle vindauga i bygninga såg ut. Artikkelbildet (Kystverket v Bjørn Relling) viser tårnet under arbeid.   

Det første fyrlyset på Lepsøyrevet vart tent så tidleg som i 1856. Noregs første fyrskip, sluppen «Enigheden», vart oppankra på søraustsida av det grunne revet. Eit større skip erstatta det fyrste i 1867. Fyrskipa viste seg å vere dyre i drift, og det vart vedteke å byggje eit fast fyr. Fyrstasjonen på land på austsida av revet vart oppretta i 1879, med fyr og bustad for fyrvaktarfamilien i ei betong­bygning ytst ute på ein 220 meter lang molo. I 1956 vart stasjonen avfolka.

Venegruppa «Lepsøyrevets Fyrvenner» er stifta. I ei nettmelding frå februar 2012 fortel dei at dei nye vindauga no er på plass, og at huset er oppussa innvendig. Dei ser fram til å gå vidare med det innvendige rehabiliteringsarbeidet.

 

Foto: Riksantikvaren

alt

snyheter
foresla-din-kandidat Vi er overbevist om at det finnes mange gode kandidater også blant entusiastene som vil bevare fyrene våre. Finn en god kandidat til Riksantikvarens Kulturminnepris 2013, gjerne fra ditt lokalmiljø og...
kystministeren-til-kystreise-no Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen kom til Lindesnes fyr og deltok i lanseringen av kystreise.no. Prosjektet er en spennende nysatsing støttet av Kystverket, Norsk kulturråd, Riksantikvaren,...
kystverket-tar-svinoy-til-departementet Et forbud fra Fylkesmannen om flygninger til Svinøy fyr nord for Stad vil få alvorlige konsekvenser for den fyrhistorisk svært strategiske fyrstasjonen. Regionsjef i Kystverket Midt-Norge, Harald...

 

ned test