Kvanhovden fyr. Bilde: Riksantikvaren
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

www.fjordkyst.no fant vi dette spennende tilbudet; hver torsdag kl. 12:00 og ca. 3 timer fremover kan du reise på RIB-safari til fyr i Florø-området!
Naturlig nok er det gitt et værforbehold, om turen gjennomføres. Dette er en kjempeflott anledning til en fartsfylt opplæring i lokal historie og mulighet til å komme tett på både natur og dyreliv.

Vi har sakset følgende artikkel om turene vestover gjennom skærgården som omgir Florø:

Ein passerer fyra Stabben, Ytterøyane og Kvanhovden. Dette området byr også på eit rikt dyreliv. Bli ikkje overraska om du undervegs på turen ser kobbe og sel som kviler på skjera, nysgjerrige niser som dukkar opp like ved båten eller majestetiske havørner som sirklar i lufta. Turen går vidare mellom tronge sund, holmar og skjer i øygruppa Batalden. Her får ein høyre historier frå krigen, sildefisket og moderne tid. Ein stoppar på Fanøy for ein kaffipause på den lokale daglegvarehandelen før ein setter kursen tilbake mot Florø.

Om fyra

Stabben fyr ligg på ein holme ved innseglinga til Florø. Fyret vart satt i drift i 1867 og vart bygd på grunn av det farlege, ureine og straumsterke farvatnet som førte til mange forlis og grunnstøytingar. Fyrstasjonen består av sjølve fyrbygninga, eit naust og ei landing som ligg tett samla på den vesle holmen. I 1975 vart fyret automatisert og avbemanna. Stabben fyrstasjon er ein av dei mest særprega fyrstasjonane i landet og har vore eit ynda motiv for kunstnarar og fotografar sidan det stod ferdig for meir enn 140 år sidan. Fyrstasjonen er i dag på Riksantikvaren sin nasjonale verneplan for fyrstasjonar.

Ytterøyane fyr er det største fyret i Sunnfjord og vart bygd i 1881. Fyret har stått gjennom både orkanar og flyåtak. Sjølve fyrtårnet er 31 meter høgt. Området rundt fyret er kjenneteikna av ein fargesprakande blomsterflora og eit rikt dyreliv, og er i dag verna som naturreservat.

Kvanhovden fyr står på ei klippe lengst vest på øya Hovden i Flora, 40 meter over havflata. Dette er eit av dei høgste plasserte fyrhusa i Norge. Fyret vart bygd i 1895 og automatisert i 1980.  Fyret er i dag eit populært turmål, med Nordsjøløypa på øya som går til fyret. Det er mogleg å overnatte på fyrstasjonen, som er enkelt innreidd og har plass til 15 personar.

Rutetider. Sesong: 14.juni – 31.august.

Turen går fast kvar torsdag med avgang frå Florø kl 12.00.

Varigheit om lag 3 timar.

Vi tek atterhald om at vêrforholda tillet at vi utfører turen. Plass til 12 personar.

Billettprisar:

Vaksen: 680 kr.-, born: 350.-

Informasjon og påmelding:

Flora Turistinformasjon, tlf 57 74 30 00.

E-post: floraturistkontor@gmail.com

Foto: Ukjent