Ytre mokkalassets venner foto Atle Leira nett
Glade dugnadskarar i Ytre Møkkalassets Venner. Foto: Atle Leira.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Send oss bilde frå vårdugnad på ditt fyr og vinn ei flott t-skjorte.

Vårtid er dugnadstid, og rundt omkring på dei mange fyrstasjonane skjer oppryddinga for fullt. Norsk Fyrhistorisk Forening er svært interessert i bilde av folk og fyr, og kva er vel eit betre motiv enn glade arbeidsfolk som hjelper til å halda fyra i god stand? Skriv gjerne òg ein tekst om vårdugnaden og aktiviteten på ditt fyr, så kan me laga ei nettsak på fyr.no.

Send bilda, og eventuell tekst, til info@fyr.no saman med namn på fotograf, adressa di og storleiken din. Vinnaren av fotokonkurransen får nemleg ei flott NFHF-t-skjorte i premie. Dei beste bilda vil bli presenterte på nettsida før sommarferien.

Norsk Fyrhistorisk Forening vil gjerne ha rett til å bruka bilda i andre samanhenger for profilering av foreininga og norske fyr. Det kan vera på nettsida, sosiale medium eller trykksaker. Om du ikkje vil at bildet ditt skal brukast vidare av NFHF, kan du skriva det i e-posten.